Sigve og Håkon på NM i Trondheim!

Publisert
5. november 2012
Bilde

Helgen 26. - 28. oktober ble det arrangert NM i ITF Taekwon-Do, i Trondheim. I år var det Sigve Hildre Løndal og Håkon Haahjem Brenden som skulle representere Haram Taekwon-Do Klubb.

Begge to konkurrerte tappert i både mønster og frisparring, og vi er stolte av å kunne meddele at det ble BRONSE til Sigve i mønster. Gratulerer så mye! Bra innsats, begge to!

Her kan du lese Sigves versjon av NM-helgen:
"I år blei NM arrangert i Trondheim spektrum. Det var over 400 som deltok, eg og Håkon var to av dei. Sidan vi bor her i Haram er det eit stykke å kjøre så vi måtte begynn tidleg. Det var ganske glatt så det var mange bilar og trailerar som hadde kjørt utanfor. Eine kom til og med på nyheitene.

Endeleg var vi framme. No var det veging av kroppen for å sjekke om vi var påmeldt innan riktig klasse. Visst vi hadde eit par kilo for mykje eller for lite blei vi diskvalifisert frå sparring. Man møter berre folk med ein viss grad og kroppsvekt. Etter veginga var det endeleg tid for å få i seg noko mat. Vi drog til ein restaurant som heitte ”Pizza og sann.” Pizzaen var utruleg god! Etter å ha ete drog vi tilbake til hotella våre. Romme var lite men greitt nok til å søve på.

Laurdag var det mønster. Eg hadde både gleda meg og grua meg til å gå framfor 5 svartbelte som skulle dømme kvar minste bevegelse eg tok. Eg møtte opp i litt god tid før slik at eg kunne får varma opp slik eg unngjekk strekk. Endeleg var det min tur. Vi skulle gå mønsteret Joong-Gun. Eg fekk 5 av 5 stemme så eg gjekk vidare. Etterpå gjekk en Yul-Gok, her fekk eg også 5 av 5 stemme. Neste mønster var Joong-Gun igjen, her venda eg ein feil og alt håp var ute.

Seinare på kvelden stakk vi på bowlingen.

Søndag. I dag var det sparring. Det her var det mest spennande på heile mesterskapet. Alle såg utruleg flinke ut, så eg blei litt uroleg for å få skikkeleg bank, noko som eg fekk. No var det min tur inn i den brutale ringen. Han var litt høgare enn meg, hadde høgare grad enn meg og meir erfaring. Han knuste meg.

Etter det nederlagande fallet drog vi heim igjen og kom heim i 11-tida. Eg la meg og søvde med ein gong." - Sigve Hildre Løndal, 4. gup-1.